-
La humla suse!
Humla har mange vener. Eg er ein av dei. Denne vesle lemenfarga hårballen med to altfor små vengjer svinsar rundt frå blom til blom på leiting etter livgjevande nektar, og er ein av mine gode hjelparar i hagen. I og med at eg prøver å få så mykje bær og frukt som mogleg utpå hausten,…
-
Her er kimen til neste års hageglede
Eg samlar frø. Frøsamlar. Eg likar å gå rundt omkring og nappe modne frø rett før dei slepp taket i skjørtekanten til morplanta. Ta for eksempel solsikka me har hatt ståande i bakhagen heile året. Ho er eit resultat av at overivrige meisar har søla frø frå fuglebrettet gjennom førre vinter. No er ho klar…