Her er kimen til neste års hageglede

Solsikka i bakhagen. Foto: Odd Mehus

Eg samlar frø. Frøsamlar. Eg likar å gå rundt omkring og nappe modne frø rett før dei slepp taket i skjørtekanten til morplanta. Ta for eksempel solsikka me har hatt ståande i bakhagen heile året. Ho er eit resultat av at overivrige meisar har søla frø frå fuglebrettet gjennom førre vinter. No er ho klar til å sleppa frø.

Ut over året har eg fylgt utviklinga til denne majestetiske og særprega planta. Når eg skriv dette står ho vissen, duknakka, men framleis med nokre frø att som ikkje fuglane allereie har fare med. DER ligg emna til solsikkegleder også neste år! Eg kan altså gå ut no seint i november og nappa til meg nokre frø, stappa dei i jorda til våren og så håpa på at suksess-historia gjentek seg.

Dette høyrest jo easy peasy ut. Men her, som ved dei fleste andre høve, kan det løna seg med nokre enkle tiltak som gjer sansylegheita for å lukkast større.

Eg samlar mange forskjellige frø. Alt frå ringblomar via rosenkål til ulike typar buskar og tre. Framleis heng det nokre der ute som kan samlast. Her kjem ei lita oppskrift på korleis du kan sanke, oppbevare og så frø:

Ringblomfrø, rett før det fell frå morplanta. Foto: Odd Mehus
  • La oss ta Ringblomfrø som eit eksempel. Det særprega frøet av denne sommarblomen er det enkelt å få til å gro att neste år. På biletet ser du frøa slik dei heng rett før dei dett av. Ofte kan du sjå på fargen når eit frø er klar til å haustast. Det fleste frø skiftar frå grønleg til  ein mørkare, brungrå tone. I tillegg kan du sjå etter om nokre frø allereie har byrja å falle av. 
Frø i pose av papir. Merk. Foto: Odd Mehus
  • Legg så posten med frøa ein litt tørr, havkjølig plass. Eg legg dei på soverommet. Her kan dei liggja tre-fire veker og tørka seg litt.
  • Når dette er gjort, legg du frøa over i ein plastikkpose som det går an å lukka og legg dei på ein godt kjøleg og mørk plass. Dette kallast stratifisering. Me gir frøa ein kuldeperiode slik at dei skal stimulerast til å spire. Dette er eigentleg for å gi frøa ei kjensle av vinter og eit naturleg livsløp. Eg legg dei ein kald stad i kjellaren i ei pappøskje som eg teipar lystett. Når me så tek dei opp for å såast utpå vårparten vil dei vonaleg vera klar til spiring.

Dett var dett. Lukke til! Hugs å prøve å samle andre typar frø også. Plutseleg får du til ting du ikkje trudde du kunne få til å gro!

Til slutt legg eg ved eit bilete frå vinteroppbevaringa av sjølvfrøplanta vekster. Som de ser har det tatt litt over i verkstaden, men, men… Gøy er det.

Verkstaden nett no…

Ett svar til «Her er kimen til neste års hageglede»

  1. Veldig bra med frø samling, en internasjonal dugnad for å fremme mangfoldet som er under stort press!

    http://www.norwegianseedsavers.no

    Gjør noe med saken, og gjør neo med det sosiale inne frøsamling.

    Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar