
Humla har mange vener. Eg er ein av dei. Denne vesle lemenfarga hårballen med to altfor små vengjer svinsar rundt frå blom til blom på leiting etter livgjevande nektar, og er ein av mine gode hjelparar i hagen.
I og med at eg prøver å få så mykje bær og frukt som mogleg utpå hausten, er insekta som pollinerer blomane særs viktige.
Humla er altså ein av desse, og eit vesen eg har lyst til å ha så mange som mogleg av i hagen.
Eg må jo medgi at humlene er ein innsektsfavoritt, ikkje berre fordi ho er ein finfin pollinerar, men rett og slett fordi ho er artig, svinsande og ganske så godmodig. Ho vimsar rundt omkring og gjer jobben sin, og med mindre eg ikkje er direkte trugane, er ho harmlaus. Ho harmonerer med slik eg har lyst til at hagen skal opplevast. Trivleg og frodig.
Eg har altså lyst til å sjå så mange humler som mogleg i hagen utpå våren.
Difor sette eg førre vinter i gang med å lage humlekassar, eller humlehytter, som eg kallar dei, i håp om å hjelpe fleire humler til å etablere seg i hagen.
Den som fylger godt med tidleg om våren, kan til tider sjå ei og anna humle som svirrar tilsynelatande formålslaust rundt mellom trestubbar og grastustar, kikkar og lurer. Dette er ofte humler på leiting etter ein stad å bu.
Og det er altså her eg kjem inn med eit tilbod ei humle på husværejakt vanskeleg kan seia nei til: Luksushytte på mange kvadratcentimeter, høgt under taket og tapetsert med dei finaste tørre grasstrå og seng av den mjukaste bomullsvatt.

Førre vinter laga eg dei første hyttene. Ein kan laga slike humlebustader på mange måtar, og ulike humlesortar føretrekk også ulike bustader. Men eg er ikkje sååå interessert i insekta, mest i at dei kan hjelpa plantene i hagen med pollineringa. Så då går eg for det enklaste og mest effektive. (Sjå biletet over:)
Å lage ei humlehytte er nesten det same som å lage ein fugleholk, berre noko mindre. Her kjem ei kjapp, røff og lite detaljert oppskrift som kanskje kan setja deg i gang:
Du treng ei fjøl på rundt 120 centimeter, omtrent 15 cm brei. Denne deler du i fire bitar på 15 centimeter (vegger) og to på 25 centimeter (tak og golv).
Humla er, tru det eller ei, ikkje særleg oppteken av estetikk, men heller praktiske hensyn. Difor treng du ikkje bruka tid på nøyaktigheit og dilldall om du ikkje vil.


Ei av dei fire korte skal altså vera framside. Dette er den einaste sida du treng gjera noko ekstra med. Det er her humla skal gå inn og ut av bustaden sin. Holet humla skal gå inn i skal vera rundt 2 centimeter i diameter, og plasserast eit par centimeter over golvet.
Lag ei rekke små hol i øvre kant. Dette er for ventilasjon og at temperaturen ikkje skal bli for høg på varme dagar.
Så er det berre å spikre/skru det heile saman. (PS! Det kan vera lurt å feste ein liten kloss under taket, som passa innsida av hytta, slik at taket ikkje sklir av i ruskevèr.)
Taket og golvet skal stikke litt ut på framsida. Golvutstikket dannar på ein liten landingsplass for humla før ho skal gå inn inngangen.
I motsetnad til ein fugleholk, set humla krav til innreiing før ho takkar ja til husværet du har å tilby. Det indre hulrommet, bolet, humlebolet, humla med familie skal bu i bør vera rundt 3-6 diameter.
Først samlar eg turt gras/strå (Likar å ha litt lengde på stråa slik at eg kan forme dei rundt i hytta). Dette graset legg eg rundt langs ytterkantane som eit fuglereir. Inni dette ein liten runde med finare gras, og innanfor dette eit lag med silkemjuke hår som hår frå hund eller katt, shobby-ull, kapok (ein type bomull) eller du kan rett og slett gjera som meg og kjøpe det innerste reirmaterialet frå naturogfritid.no.
Dette innerste laget lagar du med roterande fingrar slik at veggene i bolet blir fine og solide. Dette innerste, mjuke bolet skal danne ei kule som innvendig målar omtrent 4-5 cm i diameter. Utvendig 8-9 cm.
Avslutt det heile med å lage ein liten tunnell ut til inngangsholet med ein diameter på ca to centimeter, og legg på eit lite tak av finmasse (Det indre reirmaterialet) og gras over dette.
Humla vil sjølv lage dei aller innerste veggane av voks ho skil ut.
Dette var ein harelabb av ei innføring. For fleire og grundigare detaljar og nærare visuell hjelp, sjå for eksempel på nettsidene: humleskolen.no eller dei utmerka nettsidene til Atle Mjelde på naturvernforbundet.no.
Du kan også melde deg inn i forreninga La humla suse. Dette er ei idealistisk forreining som jobbar for å betre humlene sine levekår i Noreg.
Legg igjen en kommentar