Eg likar å grave i jorda. Eg elskar å få ting til å spire og gro.
Såpass mykje likar eg dette at eg i vaksen alder tok turen til Hardanger og utdanna meg til gartnar på Hjeltnes gartnarskule i Ulvik.
Til dagleg er eg pressefotograf, og gartnarverksemda mi får utlaup i hagen min som veks i Arna utanfor Bergen. Her boltrar eg meg i fri dressur, eksperimenterer og har det moro.
No har det seg slik at eg har ein viss formidlingstrang, og det får utlaup i små og store inlegg i bloggen du no les. Her vil eg informere, komme med tips og oppdateringar frå det som skjer i hagen.
I utgangspunktet er eg interessert i det meste ein kan få til i hagen, men eg har nok eit ekstra auge til den gamle typen hage ein før kalla bestemorshage, nyttehage eller eplehage. Kjært barn har mange namn.
I hagen min er vegen målet. Det å kosa seg i hagen mens han sakte blir til rundt meg er pur lukke.
Du er hjarteleg velkommen til å fylgje meg gjennom bloggen min.
Helsing Odd Mehus
